Skriv ut

Statistikken for menn er oppdatert: Hjørungenes niande beste totalt - Hafsås, Aune, Vik og Kråkenes også inne på topp 10-listene

Hilmar Kråkenes (biletet) kom seg inn på topp 10-lista for sin klasse med sju sekunds margin.
Hilmar Kråkenes (biletet) kom seg inn på topp 10-lista for sin klasse med sju sekunds margin.

Også for menn var det mykje å merke seg ved den oppdaterte statistikken.

Dagens mann i går var jo først og fremst Jørn Hjørungnes, Hareid. Han sprang inn til den niande beste heilmaratonen som er gjort i Nordvest i dei 29 åra løpet har eksistert. 

Han er også inne på sjetteplass i den gjæve klassen 45-49 år.

Helge Hafsås sprakk litt mot slutten i går, men tida hans er likevel god nok til å vere den fjerde beste nokon gong i klasse 50-54 år.

No har Hafsås topp 10-plasseringar i fire forskjellige klassar i Nordvest maraton. Det kan ingen andre skryte av.

*

Når det gjeld halvmaraton kan vi først og fremst ta med at David Paulen og Thomas Paulen var den andre og tredje gjennom tidene under 17 år som har gjennomført halvmaraton. 

I ein idrett der ein ofte blir betre og betre med åra vil vi tru Paulen-karane kan ha ei stor framtid!

På topp 10-listene elles er det tre ting å merke seg:

* Bård Aune imponerte kraftig i går (1.30.16) og er no inne på sjetteplass i klassen 55-59 år. 

* Karl Idar Vik, nummer tre i går, har skaffa seg niandeplassen i klasse 35-39 år. Med det datt Joar Moldskred, som låg på tiandeplass, ut av lista.

* Og Hilmar Kråkenes, nummer fire i går, klarte å kome seg inn på tiandeplass i klasse 40-44 år. Det var berre med sju sekunds margin! 

Gå til statistikk oppe i menyen, så finn de no oppdaterte oversikter for det meste. Merk også at det var ei rekkje nye namn inne på lista over dei som har sprunge halvmaraton for menn på under 1.40.

(Og skrik ut om de finn feil...)