Skriv ut

Ei lita veke igjen, er du klar?

Ved målgang på stadion.
Ved målgang på stadion.

Velkomen til Nordvest maraton 2019

Nordvest Maraton er no berre ei lita veke unna. For mange lokale mosjonistar er dette årets høgdepunkt. Og vi veit at også mange som ikkje er frå Sunnmøre set pris på å kome til Hareid i august og delta i maraton eller halvmaraton i naturskjønne omgjevnader. Vi har hatt deltakarar frå dei fleste verdshjørne. Så klart vi gler oss!

Sidan ein ikkje treng å førehandspåmelde seg veit vi ikkje no kor mange som kjem til å delta. Men basert på interesse i sosiale medium, spørsmål vi har fått tilsendt frå potensielle deltakarar - og dei førehandspåmeldingane som har kome inn, så ser det ut til å kunne bli det beste arrangementet vi har hatt på mange, mange år.

Her er det du treng å vite før Nordvest maraton 24. august:

* Vi har to distansar: Heilmaraton og halvmaraton.

* Heilmaraton startar klokka 11.00, halvmaraton klokka 12.45.

* Begge distansane startar og avsluttar på Hareid stadion. Dei som spring heil skal gjennom løypa to gonger (fleire detaljar her: http://www.nordvestmaraton.no/loeypebeskrivelse).

* Det er drikkestasjonar etter ca. 5, 10, 15, 21 kilometer osv.

* Ein treng som nemnt ikkje om å førehandspåmelde seg. Men du kan også gjere dette dersom du ønskjer (litt mindre stress på løpsdagen). Send i tilfelle ein mail til vidar.vollsaeter@tussa.com med namn, kjønn, klubb/stad, alder/fødselsår, telefon og distanse. Pris: 350 for heil og 250 for halv. Det går (også) an å betale med Vipps (117085) eller via nettbank (3910 57 13774).

* Alle andre møter opp så lenge før løpet som dei føler for. Ein må rekne med nokre få minutt med kø om ein kjem tett opp til starten. Påmelding skjer i andre etasje på klubbhuset (inngang mot Hareid stadion).

* Garderobane finn ein i første etasje på klubbhuset (inngang mot Hareid ungdomsskule).

* Premieutdeling om lag klokka 15.15 i andre etasje på klubbhuset. Alle deltakarane får medaljar (med medaljeband). Pokalar etter vanlege reglar for premiering. Dessutan mange flotte gåvepremiar trekt på startnummer. Det blir også enkel kiosk under premieutdeling. Så denne håper vi alle får med seg.

* Har du behov for å starte ein halvtime tidlegare enn oppsett, ta kontakt med arrangørane.

* Ta også kontakt dersom du treng hjelp til overnatting, transport eller noko anna.

Då snakkast vi laurdag morgon/føremiddag på Hareid stadion. Vel møtt!