hereidlogo350.jpg

Statistikken for kvinnene er oppdatert: Tredje og fjerde beste tid totalt i går, pluss ny bestenotering for kvinner under 35 år

Christine Høyvik har no beste tid på halvmaraton nokon gong for kvinner under 35 år.
Christine Høyvik har no beste tid på halvmaraton nokon gong for kvinner under 35 år.

Deltakinga for kvinnene som har gått opp siste åra. Samtidig har tidene gått ned.

Det viser statistikken for halvmaraton for kvinner som nettopp vart oppdatert. Her er det fleire ting å merke seg:

Først og fremst at Jodi Brautaset og Iren Nordal no har tredje og fjerde beste tid på denne distansen totalt sidan starten i 1991. 

(Det er nokre minutt opp til Berry van den Bosch frå Strindheim sin rekord i 1996 (1.28.08), men Brautaset og Nordal er begge under seks minutt bak.)

Samtidig gjekk Brautaset og Nordal inn på andre- og tredjeplass for klassen kvinner 40-44 år gjennom tidene.

I klassen for dei under 35 år har vi gledeleg nok fått ny leiar. Det er Christine Høyvik, som fekk tida 1.46.56 i går. 

To andre har også kome seg inn på topp 10-lista her: Nora Woxholth (5) og Charlotte Pedersen (7), begge frå NTNUI Ålesund.

I klassen 45-49 år ser vi at Siv G. Berge Hoff frå Bergsøy er inne på femteplass, medan Beate Helseth persa seg med fleire minutt og no har tatt tredjeplassen i klassen 50-55 år.

Vi merkar oss også at Oddfrid Liaskar frå Ålesund er den andre kvinna over 65 år som har fullført halvmaraton i Nordvest. Sterkt!

Sjekk klassedelt statistikk her og total statistikk her

PS. Ingen forandringar i statistikkane for heilmaraton kvinner. 

PS 2. Skrik ut om de ser feil...!