hereidlogo350.jpg

Braksuksess for Nordvest maraton

Mange glade deltakarar i dag!
Mange glade deltakarar i dag!

Les den nokså uhøgtidelege rapporten frå årets arrangement. 

Vi har ana ei stund at joggebølgja er tilbake for fullt. Tidlegare på 2000-talet kunne det vere få deltakarar i alle løpa til Hareid: Grimstadvatnet rundt (fire gonger kvar vinter) og dei årlege løpa Snipsøyrvatnet rundt og Nordvest maraton. Men for Grimstadvatnet rundt og Snipsøyrvatnet rundt har vi opplevd ein auke dei siste åra.

Og no har det definitivt snudd for Nordvest maraton også. Det har vore ned mot 30 deltakarar ved fleire høve.

I dag deltok 72!

Det er bestenotering sidan 1997. Og 60 deltakarar på halv var beste sidan 1994.

Arrangementet var stort sett ein suksess elles også. Det var litt trøbbel med den elektroniske tidtakinga. Men to timar etter at sistemann var kome i mål var alt i orden. Tidene finn du her: https://events.racetracker.no/2019/nordvestmaraton/ og https://events.racetracker.no/2019/nordvestmaraton/ (vi kjem med eit klassedelt oppsett etter kvart).

Veret var også passeleg bra. Og for ein dramatikk vi fekk i nesten alle fire konkurransane.

Det var einaste heilmaraton for kvinner det ikkje vart spennande. Der var Arlen Rønning Eid frå Ulstenvik einaste deltakar og leverte eit flott løp.

Felles for alle konkurransane var at det var deltakarar frå Søre Sunnmøre som vann.

Men på heil for menn såg det lenge ut som ringreven (har vunner her mange gonger før, har løpsrekorden++) Helge Hafsås frå Olden var best. Han leia lenge med eit par minutt og hadde ei god luke halvvegs.

Men så kom Jørn Hjørungenes, biblioteksjefen som flytta heim til Hareid no i sommar, som ei kule. Han distanserte alt og alle på andrerunden og vann på tida 2.55,13. Fantastisk levert av Jørn! Vi veit ikkje om han fått seg medlemskap i Hareid IL enno, men det må vi i alle fall få ordna.. :-)

I herreklassen på halvmaraton vann som venta Olger B. Pedersen frå Dimna (halvt hareidsdøling). Han persa ikkje, men sigeren var aldri trua. Hareid ILs Einar Orten Trovåg hadde spesialinvitert Per Myren og Karl Idar Vik (begge busette i Ålesund, sitsnemnde er frå Syvden) for å få revansje mot desse karane etter nokre bitre nederlag i Ålesund i vinter og vår.

Myren og Vik kom, men EOT måtte melde pass grunna sjukdom og tok plass som fotograf i staden. Men både Myren og Vik leverte varene og litt til - og vart nummer to og tre. Det var svært høgt nivå i denne klassen. Hilmar Kråkenes frå Allmenning (Deknepollen) hugsar mange frå Grimstadvatnet rundt i vinter. Han leverte varene og vart nummer fire, også han under 1.25.

Og så var det hareidsdølingane. Jan Endre Rise fann ikkje tempoet frå same løp i fjor, då han vart nummer to, men tok ein godkjent sjetteplass. Daniel Slettebakk imponerte kraftig og vart nummer fem, trass i at han deltok i ein triatlon-konkurranse på åtte timar siste helg. Kva er den mannen laga av?

Ser vi litt lengre ned på resultatlistene var det mange gode prestasjonar. Vi kan heller ikkje unngå å gløyme at Peter Rise vekk revansje etter det knappe tapet mot kona Vivian Johansen i fjor. Denne gongen slo han henne med rundt fem minutt. Går Vivian for revansje neste år?

Vi må også få nemnt at hasundgotarane Kjell M. Fagerlund og Per Arne Pedersen (eksil-hareidsdøling far til Olger) fullførte halvmaraton endå ein gong. Dei har då vore med 29 av 29 gonger. Imponerande! Går dei får 30 av 30?

Når vi inne på slitarar så var Inge Asbjørn Haugen sjølvsagt på plass. Han deltok her for 24. gong. Og Geir Råheim frå Ålesund fullførte ein heilmaraton for 100. gong i dag. Gratulerer!

Men vi må ikkje gløyme å nemne halvmaraton for kvinner. Der var det ei rekkje gode tider i år. Jodi Brautaset frå Ørsta vann på den imponerande tida 1.32,58. Men Iren Nordal frå Midsund var ikkje mykje verre. Ho fekk tida 1.33,48. Og damene frå NTNUI i Ålesund stod for både sterke prestasjonar og mykje god idrettsglede. Dei hadde visst aldri sprunge så langt tidlegare.

Det er sikkert mykje anna interessant og artig vi skulle ha nemnt. Men dette får blir dette i denne omgang.

Under premieutdelinga hadde mange allereie begynt å snakke om Snipsøyrvatnet rundt 19. oktober. Då er det «berre» 12,5 kilometer ein skal gjennom. Men løpet blir arrangert for 40. gong og er Sunnmøres eldste eksisterande mosjonsløp. Eit «must» å delta i for mange frå både Nordvestlandet og andre stader.

Takk for i dag og velkomen tilbake 19. oktober!

(PS. Mange bilete og videoar ++ på vår facebookside Hareid IL Nordvest maraton. Kjem  meir søndag også.)