hereidlogo350.jpg

Statistikken for menn er oppdatert: Hjørungenes niande beste totalt - Hafsås, Aune, Vik og Kråkenes også inne på topp 10-listene

Hilmar Kråkenes (biletet) kom seg inn på topp 10-lista for sin klasse med sju sekunds margin.
Hilmar Kråkenes (biletet) kom seg inn på topp 10-lista for sin klasse med sju sekunds margin.

Også for menn var det mykje å merke seg ved den oppdaterte statistikken.

Statistikken for kvinnene er oppdatert: Tredje og fjerde beste tid totalt i går, pluss ny bestenotering for kvinner under 35 år

Christine Høyvik har no beste tid på halvmaraton nokon gong for kvinner under 35 år.
Christine Høyvik har no beste tid på halvmaraton nokon gong for kvinner under 35 år.

Braksuksess for Nordvest maraton

Mange glade deltakarar i dag!
Mange glade deltakarar i dag!

Les den nokså uhøgtidelege rapporten frå årets arrangement. 

Ei lita veke igjen, er du klar?

Ved målgang på stadion.
Ved målgang på stadion.

Nordvest Maraton vil surfe vidare på joggebølga - satsar på ytterlegare framgang i løp nummer 29

1_smp.jpg

Laurdag 24. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 29. gong. Løpet opplevde ein auke i deltakinga i fjor, og håper på ytterlegare framgang i år.

Løpet har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

Framgang i fjor

I 2017 vart Nordvest maraton råka av svak deltaking på heil distanse. I fjor tok det seg opp igjen på heil, medan det også var framgang på halv. Det skuldast truleg at det ikkje kolliderte med andre liknande arrangement. Men også at det definitivt er ei ny joggebølgje på gang lokalt. Ikkje minst var det gledeleg at mange kvinner var med i fjor.

Det rykast at mange nye mosjonsløparar vil prøve seg i år. Kanskje bikkar arrangementet 100 deltakarar denne gongen?

Viktigast å delta

Det viktigaste er sjølvsagt å få med seg breidda. Men det er sjølvsagt også gledeleg når profilerte løparar som Therese Falk (frå nettopp Hareid) og Olger B. Pedersen (frå Dimna i nabokommunen Ulstein) dukkar opp, slik dei gjorde i fjor.

Pedersen har sagt han stiller dersom han får logistikken til å gå opp i år.

Dessutan har Louise Skak frå Danmark, som har rekorden på heil distanse, antyda at ho kjem for å springe halv distanse i år.

Men det viktigaste med Nordvest maraton er sjølvsagt ikkje kva plassering ein får, men å delta. Alle får ein flott deltakarmedalje. Det blir dessutan trekt ut flotte lokale gåvepremiar på startnummer, i tillegg til vanleg premiering til den beste tredelen i kvar årsklasse.

Hafsås i tet

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner sette nemnde Louise Skak i 2017, då ho fekk tida 3.12.58. Therese Falk frå Hareid, kjent som ein av dei beste ultraløparane i landet, var faktisk ikkje langt unna å slå denne tida i fjor. Men ho vart klokka inn på 3.13.17.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Det noverande styret består av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kim Lillebø og Kristian Angelsen. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Speaker blir rutinerte Leiv Arne Grimstad.

Påmelding

Informasjon for påmelding ligg på Nordvest maraton si heimeside.

Løpet har også ei eiga facebookside.

Men det er ikkje absolutt nødvendig å melde seg på lenge før løpet. Ein kan også gjere det i timane før startskotet på Hareid stadion går.

Vel møtt!