167028643_764043977626881_5295533225242496407_.jpg

Smittevern og anna som er verdt å merke seg før Nordvest Maraton 2021

* I år blir det lovleg å bruke garderobar inkludert dusj. Vi opnar klokka 09.30. Hugs å hente startnummer på klubbhuset før start. 
* Det blir premieutdeling i år. Den skjer ikkje inne - men ute på stadion. Der blir det sett opp ein pall. Premieutdelinga skjer fortløpande frå klokka 15.00. Det gjeld både vanleg premiering og KM-premiane. 
* Kiosken blir flytta frå klubbhuset til Hareid stadion. Her kan ein til dømes kjøpe kaffi, brus og kake. 
* Til dei som skal delta på halvmaraton: Tenk over før start om målet ditt er å springe på under 1,30, under 1,40, under 1,50 eller 2,00. I år som i fjor blir startfeltet delt inn i fire, alt etter kva mål ein har. Dette blir skilta og skal vere greitt å sjå når du kjem fram. 
* Drikkestasjonane blir som før etter 5, 10 og 15 (osv. for dei som spring heil) kilometer, og i målområdet. Det blir servert vatn og sportsdrikke. På dei siste stasjonane blir det også bana. 
** Då håper vi at vi har vore innom alt relevant. Spør om noko er uklart!