167028643_764043977626881_5295533225242496407_.jpg

DÅ ER OGSÅ STATISTIKKEN FOR HALVMARATON MENN KLAR


Gårsdagens vinnar Sjur Evebø Haug persa med over fem og eit halvt minutt og klatra frå sjette- til andreplass på all time-rankinga.

Det var elles tre nykomararar på topp 20, alle frå Ørsta/Volda-området: Stian Nedrelid frå Volda på 15. plass og Bjørn Ole Vassbotn (Volda T og I) og Hallvard Yksnøy Bergmann (Hovdebygda IL/Tartanmandag) på delt 16. plass. Meir her: http://www.nordvestmaraton.no/statistikk/totalt-halv-menn

På topp 10-listene for kvar klasse merkar vi oss desse endringane:
* Nemnde Bergmann gjekk inn på sjetteplass i klasse 35-39 år. Dermed ramla gårsdagens vinnar av heilmaraton, Karl Idar Vik, ut av denne lista.
* For klasse 40-44 klatra Stian Nedrelid frå åttande til sjetteplass.
* I klasse 45-49 år klatra Bernt Bergheim frå Sogndal frå tiande til åttandeplass.
* Bjørn Ole Vassbotn låg frå før av på førsteplass i klasse 50-54 år og sidan han persa med fire minutt så held han sjølvsagt på den.
* I klasse 55-59 år er Asle Johansen frå Larsnes IL no inne på åttandeplass.
* For dei over 65 år klatra Knut Skaar frå Ålesund FIK opp på andreplass.
Meir her: http://www.nordvestmaraton.no/statisti…/halv-menn-klassedelt

** Då skal all statistikk vere ute (også for deltaking, der vi ser det var det femte beste året av 31 om ein ser på heil + halv http://www.nordvestmaraton.no/statistikk/deltaking. Det må vi seie er bra når det var Skåla sist helg, motbakkeløp i Ålesund i dag, maraton/halvmaraton i Bergen og Geiranger neste helg osv.).

Men om nokon ser feil, så skrik sjølvsagt ut!
 

STATISTIKKEN FOR HEILMARATON MENN ER KLAR

Ikkje dei heiiilt store forandringane på topplistene eller klasselistene.

Den største er at Karl Idar Vik frå Syvde IL med si vinnartid på 2.54,03 har gått inn på åttandeplass på total-lista. På topp 10-lista for klasse 40-44 held Vik på andreplassen han hadde frå før. Dagens andremann Øystein Mårstøl går inn på femteplass.

Svein R. Heltne frå Volda sikra seg så vidt tiandeplassen gjennom tidene for klasse 45-49 år. Med nokre sekunds margin er dermed Hareid ILs Henning Røyset ute av lista (Henning er rett nok framleis på topp 10-listene i 35-39 og 40-44).

Det var elles mange gode prestasjonar i heilmaraton i dag, men til dømes har både Helge Fuglseth, Svein Rune Johannesen, Bertil Andreassen og Inge Asbjørn Haugen hatt betre tider før.

Statistikken for kvinner er oppdatert

Statistikken for kvinner er no oppdatert

I heil sette Therese Falk som tidlegare meldt ny løyperekord. http://www.nordvestmaraton.no/statist…/heil-kvinner-klasselt

For halv var det verken ny løyperekord eller nokon som gjekk til topps i sine klassar gjennom tidene, men det var ein del endringar på topp 10-listene for kvar klasse.
Både Seline Kvalheim Tømmerstøl og Siv Grethe Berge Hoff gjekk inn på andreplass i sine klassar, medan May Evy Nesheim gjekk inn på tredjeplass i sin klasse. Resten av endringane ser du her: http://www.nordvestmaraton.no/stati…/halv-kvinner-klassedelt

På totallista for halv vart det éi forandring på topp 10: May Evy Nesheim gjekk inn på niandeplass.
Dagens vinnar Iren Nordal ligg framleis på tredjeplass, men ho hadde litt betre tid i fjor enn i år: http://www.nordvestmaraton.no/statistikk/totalt-halv-kvinner
Om nokon ser feil så hugs å skrike ut!

Kretsmeistrar i maraton og halvmaraton

Therese Falk frå Hareid IL vart kretsmeister.
Therese Falk frå Hareid IL vart kretsmeister.

Årets Nordvest Maraton var også kretsmeisterskap i halvmaraton og maraton. Her kjem oversikta over vinnarar og andre medaljørar:

1.jpg

Oppsummering 2021

EIT VELLUKKA Nordvest Maraton 2021 ER OVER ????

Nordvest Maraton 2021 bar preg av god stemning, hektisk program (for hektisk?) og gode prestasjonar.

Sola skein etter kvart på stadion. Therse Falk skulle endeleg springe på heimebane for arrangørklubben. Kjekt! På minussida for Hareid IL kom Einar Orten Trovåg til arrangementet med krykker, Håvard Bolstad Banne kom ikkje i det heile tatt, Joar Gjerde fekk strekk på oppvarminga - og Dag Harald Moldskred sprang feil og fekk ikkje godkjent løpet. Så det fekk vere opp til Falk og Jan Endre Rise å gjere jobben for heimeklubben i dag. Og begge leverte varene.

Falk tok ny rekord i kvinneklassen på 3.08,05. Rise vart nummer seks i herreklassen på halv på den flotte tida 1.21,55.

Det var også i herreklassen for menn dagens beste prestasjon skjedde då Sjur Evebø Haug frå Ørsta IL fekk den spinnville tida 1.09,50. Det var berre 15 sekund bak Oddbjørn Skogen (Hareid IL) sin rekord frå 1991. Men dei som hugsa løpet frå 1991 meiner Skogen var heldig med vinden den dagen - og at Haug sin prestasjon var betre.

Andreplassen i denne klassen var det forresten vinnaren frå 2018 og 2019, Olger Brevik Pedersen frå Dimna IL, som tok på tida 1.19,48.
Beste kvinne var i år som i fjor Iren Nordal frå Midsund IL. I år fekk ho tida 1.32,47, noko bak fjoråret.

Det var litt problem med Race Tracker undervegs, men vi meiner på det var 78 som starta halvmaraton - og 77 som fullførte.
På heilmaraton var det i alle tilfelle 12 som starta og 11 som fullførte (inkludert nemnde Moldskred, som ikkje fekk godkjent tida si med omsyn til medaljar og rekordar).

Første person i mål var fjorårets andremann og nyleg vinnar av Stadionmila: Karl Idar Vik frå Syvde IL. Han fekk den knallgode tida 2.54,03. Vik har no etter sigande tenkt å legge opp, men om han skulle kome på andre tankar ønskjer vi han velkomen tilbake neste år! Andremann i mål var Øystein Mårstøl frå Ørsta IL/Tartanmandag på 2.59.11, som også leia løpet ein periode.

Tredje person i mål var Hareid ILs løpedronning Therese Falk, som tok løyperekord og dermed også eigen pers i løypa.

Tre personar deltok i år i mosjon utan tid. Det vart meldt om topp stemning her!

Det vart elles lagt opp til ei hektisk premieutdeling der det vart delt ut både premiar for sjølve løpet og KM-medaljar (vi kjem tilbake til oversikt seinare). Mykje å glede seg over, men sett i ettertid gjekk det kanskje såpass fort i svingane at det var vanskeleg for alle å henge med på alt. Nokre vinnarar hadde forsvunne før dei skulle ha pokal eller medalje. Samtidig hadde koronasituasjonen gjort det umogleg å samle alle saman på klubbhuset etter løpet, slik som har vore vanleg før koronasituasjonen oppstod.

Til slutt håper vi alle hadde ein så fin dag på Hareid som mogleg. Mange bilete ligg no uredigert ute på Hareid IL Nordvest Maraton sin facebookprofil.

Vi kjem tilbake til medjaljeoversikter, rekordar og ein del anna etter kvart. Berre følg med på Facebook og heimeside. Ha ein fin laurdag vidare!

Og til slutt: Tusen takk til alle frivillige som har stått på for å få til dette arrangementet, som no har blitt arrangert i 31 år.