8.jpg

07.08. Nordvest Maraton 2020 og smittevern

Årets Nordvest Maraton blir grunna den gjeldande koronasituasjonen litt spesiell. Les her om kva du bør vite om før løpet.

Fredag morgon hadde dagleg leiar i Hareid IL og smittvernoverlegen i Hareid kommune (som også er leiar i Nordvest maraton) møte om årets Nordvest Maraton.

Ein gjekk der gjennom NFIF sine retningslinjer for mosjonsløp no under koronakrisa og kva ein må ta omsyn til under årets løp 22. august. 

Her er det deltakarne bør merke seg:

* Det blir ikkje moglegheiter til å dusje. Det blir derimot lagt til rette for at ein kan skifte (puljevis) og at ein får nytte seg av toalett.

* Både på toalett og fleire andre stader på stadionområde blir det lagt til rette for hygienetilytak (antibak). Vi ber alle vere nøye med dette. Einmetersregelen gjeld for heile arrangementet.

* Årets premieutdeling er avlyst. 

* Alle deltakarar får derimot utdelt ei Nordvest Maraton-skjorte før løpet. Når du kjem til stadionområde på løpsdagen så melder du deg i sekretariatet på/ved klubbhuset. Her får du utdelt startnummer, chip (til tidtaking) og skjorte. 

* Det blir som tidlegare nemnt lagt opp til førehandspåmelding. Denne varer fram til midnatt torsdag 20. august. Per 7. august kl. 10.00 er 83 deltakarar førehandspåmelde. Dersom det framleis er ledige plassar (max 200 inkl. alle klassar) etter 20. august kan ein også melde seg på i sekretariatet sjølve løpsdagen. 

* Før start i løpet skal deltakarane delast inn i heat. I eit heat er det maksimalt 25 personar. Kor mange heat det blir kjem an på påmldinga. Men på halvmaraton blir det i alle fall heilt sikkert ei seeding-ordning der heata blir delt opp etter målsetingane til deltakarane. Det kan bli slik: Heat 1 for dei som har mål om under 1,30, heat 2 om dei som har mål om under 1,45, heat 3 for dei som har mål om under to timar osv. Dei som skal springe halvmaraton bør altså gjere seg opp ei meining på førehand om kva heat ein skal starte i. På sjølve løpdagen blir det tydeleg merka kvar dei ulike heata startar. Har du til dømes som mål å springe halvmaraton på under 1,45 går du til området som er tydeleg merka med dette. 

* I tråd med NFIF sine retningslinjer blir det også utarbeida eit kart over området.

Hareid. 7. august 2020. Ref.