167028643_764043977626881_5295533225242496407_.jpg

Hareid IL inviterer til maratonmoro for 30. gong

Laurdag 22. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 30. gong. Løpet har opplevd auka deltaking dei siste åra, og håper på ytterlegare framgang i år.

Løpet har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

Flest sidan 1997

I 2017 vart Nordvest maraton råka av svak deltaking på heil distanse. I 2018 tok det seg opp igjen på heil, medan det også var framgang på halv. Det skuldast truleg at det ikkje kolliderte med andre liknande arrangement, slik det gjorde i 2017.

Men ei joggebølgje lokalt har også gjort sitt. Ikkje minst var det gledeleg at mange kvinner var med i 2018.

I 2019 vart deltakartala auka ytterlegare. 72 deltok totalt. Ikkje sidan 1997 hadde deltakartalet vore så høgt. 60 deltakarar på halvmaraton var bestenotering sidan 1994.

Det rykast at mange nye mosjonsløparar vil prøve seg i år. Kanskje bikkar arrangementet 100 deltakarar denne gongen?

Viktigast å delta

Det viktigaste med Nordvest maraton er sjølvsagt ikkje kva plassering ein får, men å delta. Alle får ein flott deltakarmedalje. Det blir dessutan trekt ut flotte lokale gåvepremiar på startnummer, i tillegg til vanleg premiering til den beste tredelen i kvar årsklasse.

Likevel er det sjølvsagt artig å sjå litt på rekordar.

Hafsås i tet

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner sette Louise Skak i 2017, då ho fekk tida 3.12.58. Therese Falk frå Hareid, kjent som ein av dei beste ultraløparane i landet, var faktisk ikkje langt unna å slå denne tida i 2018. Men ho vart klokka inn på 3.13.17.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Sterkt av Hjørungnes

Vi kan elles nemne at Jørn Hjørungnes, som imponerte kraftig i fjor og vann heil distanse, har den niande beste tida gjennom tidene: 2.55.13.

Jodi Brautaset vann halv distanse for kvinner i fjor med den tredje beste tida nokon gong: 1.32.58.

Vi nemner også at to karar har delteke i 29 av 29 utgåver av Nordvest maraton: Per Arne Pedersen og Kjell Mindor Fagerlund. Dukkar dei opp i år?

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Det noverande styret består av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kim Lillebø og Kristian Angelsen. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Påmelding

Årets utgåve blir kanskje litt spesiell, grunna den velkjende koronaepidemien. Men vi ser at fleire og fleire løp kjem i gang no i juni, så det er ingenting som tyder på at det ikkje blir noko av Nordvest maraton 22. august.

Leiaren for Nordvest maraton er tilfeldigvis også smittevernoverlege i Hareid kommune, så det er all grunn til å tru at arrangementet er i sikre hender slik sett.

Men eitt av kriteria for å arrangere løp blir sannsynlegvis å ha førehandspåmelding. Dette hadde Hareid IL uansett tenkt å starte med i år for dei som ikkje ønskjer å melde seg på sjølve løpsdagen.

No blir det kanskje slik at alle må det, og slik det ser ut no opnar vi for påmelding i slutten av juni.

Vi kjem med informasjon om dette seinast 27. juni.

Følg med vidare på nordvestmaraton.no og Hareid IL Nordvest maraton på Facebook.

Overraskingar?

Hareid IL har tenkt å markere at dette blir den 30. utgåve av Nordvest maraton. Nøyaktig korleis dette skal gjerast kjem vi tilbake til. Det ryktast både eit «bonusløp» og Nordvest-skjorter. Den som ventar får sjå…

Enn så lenger håper vi folk held seg friske og raske, og ladar opp til Nordvest maraton på sitt vis.

God sommar og vel møtt til Hareid 22. august!