167028643_764043977626881_5295533225242496407_.jpg

24.07. Fire veker igjen - her kjem ei oppdatering

Laurdag er det fire veker igjen til den 30. utgåva av Nordvest Maraton.

Litt kjapp info om ulikt:

* Slik restriksjonane er no er det ikkje lovleg med meir enn 200 deltakarar. Derfor er framleis første mann- eller dame-prinsippet som gjeld når det kjem til påmelding. 

* Per no er det påmeldt 64 deltakarar, av dei åtte på heilmaraton, to på mosjon under tid - og resten på halvmaraton.

* Er det framleis ledige plassar held vi ope for digital påmelding til og med torsdag 20. august. Er det ledige plassar etter det kan dei sikrast på løpskontoret i timane før løpet 22. august. 

* Dei som hadde meldt seg på før torsdag denne veka har allereie blitt lagt inn i tidtakingssystemet RaceTracker. Resten blir lagt inn dagane før løpet.

* Grunna den gjeldande koronasituasjon er det ein del praktiske spørsmål vi ikkje kan svare på enno. Det gjeld til dømes kva som skjer med garderobar og toalett. Vi ber om forståing for at vi må kome tilbake med meir informasjon om dette når løpet nærmar seg. Det kan også hende det blir ein "vri" når det kjem til premieutdeling. Men på ein eller annan måte blir det heilt sikkert eit slags løpskontor i klubbhusområdet i timane før løpet. 

* Når det kjem til starttidspunkt, løypeskildring og premiering/skjorter finn de info om dette her på heimesida.