167028643_764043977626881_5295533225242496407_.jpg

18.08. Arbeidsgruppa har hatt sitt siste møte før Nordvest Maraton 2020

Nordvest-styret i 2020 (og i mange år tidlegare). Frå venstre: Kristian Angelsen, Henning Røyset, Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork og Bjarte Sunde.
Nordvest-styret i 2020 (og i mange år tidlegare). Frå venstre: Kristian Angelsen, Henning Røyset, Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork og Bjarte Sunde.

Tysdag kveld var Nordvest-styret samla til ein siste gjennomgang før årets arrangement.

Det blir mykje å halde styr på for denne gjengen i år. Det blir i år ein del ekstra smittevernomsyn (som du kan lese meir om i menyen over til høgre). Dessutan blir det eitt av dei største Nordvest-arrangementa nokon gong. Så langt er 123 påmelde. Ser ein på heil + halv på tid (116) er det flest nokon gong. Men arrangementsstaben er god og fyldig i år, så dette skal nok gå bra.

I tillegg til det vi tidlegare har meldt under NV2020 i menyen over kan årets deltakarar legge merke til dette:

* På halvmaraton blir deltakarane delte inn i puljer etter stipulert tid. Puljene blir merka ved startområde på stadion. Det blir også personar frå arrangørane ved området som forklarer deltakarane korleis dette fungerer. Møt opp nokre minutt før så går nok alt fint.

* Sekretariat blir som vanleg på klubbhuset. Også dei som er førehandspåmelde må melde seg her. Her får ein delt ut chip og Nordvest-skjorte. Einmetersregelen gjeld inne på klubbhuset. Hugs å betale for seg dei som ikkje har gjort det (sjekk info i menyen over under påmelding).

* Det blir ikkje premieutdeling i år, men det blir kiosk på klubbhuset. Her blir det selt sveler, kaffi, brus og sjokolade.

* På drikkestasjonane blir det vatn og sportsdrikke. På nokre av dei også cola. I målområdet blir det vatn, saft og sportsdrikke.

* Som enkelte har stilt spørsmål blir løypa merka for kvar kilometer. Det burde vere lett å ta seg fram, sidan det er bra skilta. Er du usikker følgjer du pilene merka på asfalten. 

Til slutt ønskjer vi alle vel møtt til Hareid laurdag. Klubbhuset blir ope frå 09.00.