8.jpg

18.08. Arbeidsgruppa har hatt sitt siste møte før Nordvest Maraton 2020

Nordvest-styret i 2020 (og i mange år tidlegare). Frå venstre: Kristian Angelsen, Henning Røyset, Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork og Bjarte Sunde.
Nordvest-styret i 2020 (og i mange år tidlegare). Frå venstre: Kristian Angelsen, Henning Røyset, Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork og Bjarte Sunde.

Tysdag kveld var Nordvest-styret samla til ein siste gjennomgang før årets arrangement.

07.08. Nordvest Maraton 2020 og smittevern

Årets Nordvest Maraton blir grunna den gjeldande koronasituasjonen litt spesiell. Les her om kva du bør vite om før løpet.

Fredag morgon hadde dagleg leiar i Hareid IL og smittvernoverlegen i Hareid kommune (som også er leiar i Nordvest maraton) møte om årets Nordvest Maraton.

Ein gjekk der gjennom NFIF sine retningslinjer for mosjonsløp no under koronakrisa og kva ein må ta omsyn til under årets løp 22. august. 

Her er det deltakarne bør merke seg:

* Det blir ikkje moglegheiter til å dusje. Det blir derimot lagt til rette for at ein kan skifte (puljevis) og at ein får nytte seg av toalett.

* Både på toalett og fleire andre stader på stadionområde blir det lagt til rette for hygienetilytak (antibak). Vi ber alle vere nøye med dette. Einmetersregelen gjeld for heile arrangementet.

* Årets premieutdeling er avlyst. 

* Alle deltakarar får derimot utdelt ei Nordvest Maraton-skjorte før løpet. Når du kjem til stadionområde på løpsdagen så melder du deg i sekretariatet på/ved klubbhuset. Her får du utdelt startnummer, chip (til tidtaking) og skjorte. 

* Det blir som tidlegare nemnt lagt opp til førehandspåmelding. Denne varer fram til midnatt torsdag 20. august. Per 7. august kl. 10.00 er 83 deltakarar førehandspåmelde. Dersom det framleis er ledige plassar (max 200 inkl. alle klassar) etter 20. august kan ein også melde seg på i sekretariatet sjølve løpsdagen. 

* Før start i løpet skal deltakarane delast inn i heat. I eit heat er det maksimalt 25 personar. Kor mange heat det blir kjem an på påmldinga. Men på halvmaraton blir det i alle fall heilt sikkert ei seeding-ordning der heata blir delt opp etter målsetingane til deltakarane. Det kan bli slik: Heat 1 for dei som har mål om under 1,30, heat 2 om dei som har mål om under 1,45, heat 3 for dei som har mål om under to timar osv. Dei som skal springe halvmaraton bør altså gjere seg opp ei meining på førehand om kva heat ein skal starte i. På sjølve løpdagen blir det tydeleg merka kvar dei ulike heata startar. Har du til dømes som mål å springe halvmaraton på under 1,45 går du til området som er tydeleg merka med dette. 

* I tråd med NFIF sine retningslinjer blir det også utarbeida eit kart over området.

Hareid. 7. august 2020. Ref.

04.07. Nytt av året: Mosjon utan tid

Etter innspel frå publikum blir det i år oppretta ei eiga grein i tillegg til ordinær maraton og halvmaraton: Mosjon utan tid.

Ein kan her velje mellom den vanlege 21 kilometer-løypa, eller ei løype på 8 kilometer der ein snur i Kaldholen.

Deltakarane er ein del av det vanlege arrangementet og får medalje for å fullføre, men ein startar når ein sjølv ønskjer det mellom 11.00 og 13.00 - og arrangørane tek ikkje tid. 

Dei som kom med innspel til denne ekstra greina har planar om å gå løypa, men det er ikkje eit krav at ein må gå heile tida. 

Mosjon utan tid kan vere eit fint alternativ for dei som ønskjer å oppleve den fine løypa, utan å vere opptatt av klokke og sekundering. 

Kanskje kan dette vere eit fint tiltak dersom til dømes ein vanleg maratondeltakar har med seg familien til Hareid, og også resten av familien ønskjer å få med seg mykje av den flotte naturen vi har å by på når dei først er her.

Eller kanskje ein kompisgjeng ønskjer å ta dette som ein del av ein norgesferie?

Velkomne skal de uansett vere. Påmelding på vanleg måte i menyen oppe.