8.jpg

Ei slags oppsummering av Nordvest Maraton 2020

Heilmaraton menn:

I år som i fjor var det ein hjørungavågar som vann. I fjor var det Jørn Hjørungnes, i år Ingar Richardsen Liaset. Vi visste at han kunne kome eit godt stykke under 3.00, men 2.51,52 var endå betre enn vi trudde på (tida er den beste på heil etter omlegginga i 2014). Gratulerer! Karl Idar Vik frå Syvde IL vart nummer tre på halvmaraton i fjor og følgde opp med ein andreplass på heil i år med den imponerande tida 2.57.25. Totalt deltok 14 deltakarar på heil (fire melde avbod eller møtte ikkje). Ingen kvinner var med i år.

Halvmaraton menn:

Det var kanskje ikkje uventa at Sjur Haug, for mange kjent som midtbanespelar på Ørsta IL, skulle gå av med sigeren. Men at han skulle det gjere det på tida 1.15,25 slo ned som ei lita bombe. Det ryktast dessutan at Haug sprang feil og var nedom ferjeleiet på veg mot mål (!). Kampen om dei andre pallplasseringane nokre minutt bak var jamnare. Per Myren vart nummer to i år som i fjor. Fjorårets fjerdemann, Hilmar Kråkenes frå Almenning, rykte opp til tredjeplass i år. Dei to hareidsdølingane Jan Endre Rise og Einar Orten Trovåg, som har andreplassar frå høvesvis 2018 og 2017, vart nummer fire og fem. Det var elles smått utrulege 23 løparar under 1.30 i år. I 2017 var det tre… På 24. plass kom forresten ungfolen Sondre Holstad frå Hareid. Imponerande! Totalt 94 menn sprang halvmaraton i år. To av dei var hasundgotarane Per Arne Pedersen og Kjell M. Fagerlund, som fekk velfortent heider for å ha delteke i 30 av 30 løp.

Halvmaraton kvinner:

Her deltok 21 kvinner. Iren Nordal frå Midsund vann på den knallsterke tida 1.31,04. Ingvild Øye frå Hovdebygda IL vart nummer to. Pernille Rangnes frå Molde Olymp tok tredjeplassen. Ho deltok i klassen 10-16 år. Grunna korona var det dessverre ikkje premieutdeling i år. Hadde det vore det hadde både Rangnes og fleire andre fått velfortente pokalar for å ha vunne sine klassar.